Nyheter

Utflyttede Buaværinger: Einar Gjerde
05.05.2009 08:34:17:

Einar Gjerde tok utfordringen fra Steinar Inderhaug på strak arm, og er neste utflytta buaværing som deler litt av sin hverdag med leserne av www.Budiromsdal.net

1. HVEM er du, HVOR bor du, HVORFOR flyttet du og HVA gjør du på til daglig?
 

Eg er son til Kjellaug og Leif Gjerde. Eg er gift med Ellen Cathrine Linnestad i 14 år og nokre veker. Vi bur no på Ridabu ved Hamar, kor vi bygde hus på midten av 90-tallet.

Allereie som ungdomskuleelev staka eg ut min yrkesmessige kurs. Eg ville bli lærar, og etter vidaregåande i Elnesvågen drog eg til Nesna, litt vest for Mo i Rana. Her gjekk eg første året i grunnutdanninga. Resten tok eg i Volda, mykje pga at eg ville nærare Bud. Då som no, var eg sterkt oppteken av fotball.

 

Sommaren 87 gjekk med til å søkje arbeid, og no var ein liksom vaksen.
Hausten 87 fekk eg lærarpost på Gossen(Riksfjord skule). Det var rart å få tilsetjingsbrev, og ikkje minst si første lønn. Følte meg som verdas rikaste mann, sjølv om eg vart blakk etter 14 dagar – og måtte leve på mamma resten av månaden.
For første lønna kjøpte eg kaffitraktar og seng. Det vart eit lærerikt år, men eg greidde aldri å venne meg til fergetider, og så snart sjansen baud seg flytta eg heim til Bud.

 

Etter 3 år ved Fræna ungdomsskule kjende eg meg litt rastlaus, og ville flytte på meg igjen. På lykke og fromme sendte eg inn søknader i nord og sør. Første skulen eg fekk svar frå var Høgtun skole i Loppa kommune(Finnmark). Her vart eg værande i 3 år. Møtte Ellen Cathrine her, og må vel seie meg nøgd med opphaldet i nord. Hadde fantastiske år i Øksfjord, og lengtar av og til oppover igjen. Det var flotte folk i bygda, og eg har fortsatt kontakt med mange ”gamle kjente”.


Hausten 1994 (ja, etter dei olympiske leikane på Lillehammer/Hamar) flytta Ellen og eg til Ridabu, og eg fekk jobbe ved Lunden skole. Her har eg no vore i 15 år, dei fleste åra på småtrinnet.


Eg seier at, hadde eg vore 19 år i dag, så hadde eg på nytt søkt lærarutdanning.

  

2. Beskriv hvordan en vanlig dag ser ut for deg!

 

Dagen startar med ein kaffikopp og radio rundt 0630, og matpakkesmøring til ”ungane” i huset –Marie på 19, og Oda på 13. Så må eg ha med meg dagens avis, viss ho er komen. Ikkje det at det er så mykje nytt, men det blir ikkje ein god start utan Hamar Arbeiderblad.


Kring 0730 set eg meg på sykkelen, for å kome på jobb. Tar ca 30-40 min, alt etter vær og føre. Med mykje snø og kulde går det tregt. Kulderekorden min på sykkel er 32 kuldegrader, då fraus alt på sykkelen.


Mange av ettermiddagane brukar eg til å dømme eller trene G16 laget til Ridabu. Etter å ha vore trenar for jentelag på Ridabu i 8 år, hadde eg eit friår i fjor. Nå trenar vi 3-4 gonger i veka på eigen kunstgrasbane. Startar sesongen i slutten av mars. Eit par gonger i veka driv eg også med dømming. Skal også i år dømme i 3.divisjon, og kretsen vår er diger. Få Hadeland til Trysil, og Dovre til Kongsvinger i andre enden. Heldigvis får eg mest kampar i nærområdet. Vil helst ha kampar i sykkelavstand.

 

3. Hvor ofte er du hjemme, og når var du hjemme sist?

Familien er så heldige å ha eige hus i Bud. Der er vi så ofte vi kan. Kvar påske, sommarferie og haustferie er vi alle saman i Bud. Etter at kona starta eigen butikk på Hamar har vi korta inn på sommarferien. Eg var heime i vinterferien, ettersom eg hadde fått fagfolk til å hjelpe meg med å reparere trappa på feriehuset, som vart sprengt i sommar.

  

4. Hvordan holder dialekten din seg som utflytta buær?
  

Dialekta mi er eg stolt av, og eg held på ho så godt eg kan. Det kan av og til vere litt vanskeleg i jobben som lærar. På skulen eg jobbar no var det ei jente som håpte at ho ikkje fekk meg som lærar, avdi eg var utlending – i allefall svensk!

 

Det er vanskeleg med enkelte ord som fole, klar, I og andre typiske dialekt ord. Men det er heilt unødvendig å ”språke” for å verte forstått. Men det kan vere lurt å snakka litt sakte. Dialekta i Bud er så særprega at det er kjekt om folket tek vare på ho, sjølv om eg trur ho døyr ut – etter det eg høyrer blant dei unge.

 

5. Hva viser du først frem av Bud til venner som kommer hit for første gang?

 

Som sagt er vi heldige som har eige hus, noko som fører til at vi får mykje besøk av vener frå Hamarområdet.


Det første vi ”viser” fram er utsikta i Kippersundet, vakraste plassen i Bud. Sjølsagt er det viktig å vise fram Ergan, havna, kyststien og Campingplassen. Eg synst området rundt campinga er vakkert. Kona mi har i oppgåve å vise fram Habitt, butikken til Liv. Ei perle i Bud. Berre det å vandre rundt omkring i Bud er stort for mange turister. Dei fleste er imponerte over særegenheten til Bud, og eg veit det er mange frå Hamar som ofte er på ferie i Bud.

 

6. Hvem utfordrer du som neste "utflytta buaværing"?

 

Eg vil utfordre Mariann Gjerde, som pt bur i Oslo

Din epost: Venns epost:
Tilbake til nyheter. Skriv ut. Tilbake til forsiden. Del på Facebook Forfatter: Tarjei Skotheimsvik
visninger: 1772
forrige ip: 66.249.78.207
din ip:54.234.67.55
 
Kommentarer
Kommentert av Simon Skotheimsvik, 05.05.2009 19:15:23
Fantastisk artig å lese denne spalten din Tarjei - bra du tar deg tid til å gjøre dette innimellom studiene. Denne gangen igjen et levende og godt intervju med Einar - takk til deg også som har tatt deg tid å svare så godt og utfyllende!
 
Du kan logge inn og legge inn en kommentar til denne nyheten
E-postadresse:
Passord:   Glemt passord?
 

Denne siden er en del av budiromsdal.net